Ung Misjon besøker Respons

IMAG0407

Mandag, 4.mars, var eg med ungdomskoret Respons på ei øving. Det var ei spesiell oppleving!

Den store gjengen øver i hovudsalen på Emblem bedehus kvar mandag, kl 19.00. Medlemma er alt frå tretten til litt og tjue, og dei er mange. Då eg var der, var dei nok rundt 50 stk – og eg trur ikkje dei var fulltallige. I tillegg til alle desse ivrige unge, er det alltid ein gjeng med trufaste og engasjerte vaksne med. Dei ordnar med  medlemslister og anna logistikk, arrangerer turar – for dei er det mange av i Respons – og er tilgjengelege viss nokon berre treng ein prat. Dirigenten for koret er den samme som har vært i maaaange år, sjølvaste Arild Berstad. Koret kan med andre ord reklamere med mange eigenskrivne songar som har både futt, innhald og flotte harmoniar. Respons har eit eige band som kompar seg, og her speler Arild piano, mens andre gryande dirigentar får leie koret gjennom songane både på øving og på konsertane. Mange av songane koret syng har solistar, og det gjer at mange ulike, flotte stemmer får komme fram.

På øvingane er det alltid ei samling med andakt. Då eg fekk komme og snakke om hjartene våre, om at vi må beskytte dei og fylle dei med Guds Ord og det som godt er viss vi skal kunne lytte til dei, var det ein oppmerksom og flott gjeng som lytta. Under øvingane blir det òg snakka om innhaldet i songane koret syng, og på slutten av øvinga samlar alle seg i ein stor ring og syng “Velsignelsen” i lag. På meg virkar det som om Respons har to hovudfokus, og begge får komme tydeleg fram: Musikk og Gud.

Vi i Ung Misjon vil ynskje Respons Guds signing vidare!

Miriam Mulelid