Barnekortreff på Brusdalsheimen!

Barnegospelfestivalen vert arrangert ein gong i året, som oftast på nyåret. Her vert barnekor på Sunnmøre invitert til ei helg (lør-søn) med korsang, inspirasjon og fellesskap.

Ein instruktør som er kjend innan sjangeren barne-/korsong er gjerne med denne helga og lærar bort eigne songar, og har inspirasjonssamlingar for dei vaksne.

Alle barnekor med born i alderen 2.klasse og oppover er velkommen på Brusdalsheimen denne helga ! 

Alle deltakarane vil opptre i eit felleskor på avslutningsmøtet som vert søndagen.

Kvart kor må melde på sine deltakarar! Kvart kor må ha med eigne leiarar som får ansvar for borna i sitt kor. Om du ikkje har høve til å være med på heile festivalen, men kunne tenkt deg å vere med på inspirasjonssamlinga, er det høve for å vere med på kun denne samlinga laurdag kveld. 

Tidligere har vi hatt med instruktører/kor som: Soul teens Ålesund, Barbro Sulebakk,  Mathias og Pernille Fjalsett, Jarle Waldemar, LaKris, 

Er det noko du lurar på, så ta gjerne kontakt:
Tlf 70 17 86 70
E-post: rf.lauvas@imf.no

HENG OPP PLAKATAR
I DITT NÆRMILJØ: