Eit viktig misjonsarbeid! 

Rundt på bedehusa i krinsen vår er det fleire hundre lagsleiarar som står på år etter år i eit viktig misjonsarbeid for å nå barna og dei unge!

Tenker du på å starte opp eit barne- eller ungdomslag?
Fordelar med å være innmeldt i Sunnmøre Indremisjon (og ImF-Ung) er mellom anna:

  • 6000,- i oppstartstønad
  • Laget har tilbod om gratis annonseplass på imfung-sunnmore.no
  • Laget kan få besøk av arbeidarane i Sunnmøre Indremisjon, normalt ein gong i halvåret  (Varierer litt alt etter arbeidarsituasjonen i ImF-Ung Sunnmøre)
  • Leiarane i laget får invitasjon til eigne samlingar med inspirasjon, åndeleg fellesskap og fagleg input
  • Lag som har betalande medlemmar har rett til årleg tildeling av  Frifond-midlar via ImF.

Les meir om støtte til lagsarbeid her!