Skal du vere konfirmant?
Då er KonFu midt i blinken for deg! KonFu er konfirmantundervising for dei som ikkje skal konfirmere seg i Den Norske Kirke, ELLER for dei som ønsker eit supplement til konfirmantundervisinga dei får der eller gjennom andre konfirmantopplegg.
KonFu-året består av fem Superlørdagar (11.30-15.30) der du får undervising basert på opplegget Smak og Se av Awana, og der vi et pizza i lag og har fokus på å ha det sosialt og kjekt! Vi har også to weekendar der vi blir ekstra godt kjent med kvarandre og med Gud. Datoar for kommande skuleår kan du lese om her: Konfirmant 2027? – ImF-UNG Sunnmøre
KonFu er eit samarbeid mellom ImF-UNG Sunnmøre, NLM ung region Nordvest, Misjonssalen Ålesund og Bedehuskirka Emblem. Du melder deg på gjennom ein av desse organisasjonane. Ønsker du å melde deg på hos oss, avtaler du sjølv direkte med ei forsamling kor konfirmasjonen skal stå. Det er viktig å gjere i god tid, sidan mange forsamlingar gjerne vil stille nokre krav til konfirmanten mht. deltaking i forsamlingsarbeidet gjennom året. Vi i Imf-ung vil gjerne vere i dialog med den aktuelle forsamlinga gjennom året. Har du inga lokal forsamling, kan vi hjelpe deg med å kome i kontakt med ei.
Har du spørsmål, så ta kontakt! Det kostar 2500,- og det dekker alt av materiell, mat, aktivitetar og opphold, også på turane. Du når Miriam på mobil 90745694, eller på epost: miriam.mulelid@imf.no. Påmelding via Checkin her: KonFu 26-27 – 28. aug. 2026 – IMF SUNNMØRE
PS: Det er fleire av dei som har konfirmert seg i Den Norske Kirke som har fått godkjent delar eller heile undervisinga frå KonFu og dermed fått fritak fra å vere med på all undervisningen i Den Norske Kirke. Høyr med kyrkja di om det er mulig.

