Kva kan eg lese når..?

bibelmixDette står i ein BibelMix. Ein enkel oversikt over kvar eg kan finne bibelvers som kan hjelpe meg akkurat i den situasjonen eg er i no. Og i dag treng eg ein slik BibelMix

Kva kan eg lese når eg er bekymra? Når der er litt for mange ting eg skal tenke på? Når der er ting som ikkje er heilt klare? Når kalenderen er litt full, ikkje for full, men nok til at «logstikk-genet» får jobbe litt.

Kva kan eg lese når eg er bekymra?

Fil. 4,6f: 
Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.

Kjære Gud. I Salme 139 kan eg lese kor nærme Du er. Du ser MEG. Alle dagane mine, også dagen i dag, er skrivne opp i boka di før dei var komen så du visste om denne dagen før den kom. No må eg legge denne dagen i dine hender, for eg føler den er for tung for meg å bære. Eg takker deg for at du vil gi med DIN fred, som overgår det eg kan forstå.
I Jesu namn, Amen