Konsert i forbindelse med Barnegospelfestivalen 2016 – Team Sulebakk

 

Søndag 24 januar vert det konsert med Barnegospelkoret og Team Sulebakk på Blindheim Bedehus kl 14.30.

BarnBarnegospelfestival_plalategospelfestivalen vert arrangert ein gong i året, som oftast på nyåret. Her vert barnekor på Sunnmøre invitert til ei helg (lør-søn) med korsang, inspirasjon og fellesskap.

Ein instruktør som er kjend innan sjangeren barne-/korsong er gjerne med denne helga og lærar bort eigne songar, og har inspirasjonssamlingar for dei vaksne.

 

På Barnegospelfestivalen 2016 er vi så heldig å få med oss Sebastian (19), Bertine (17) og Barbro fra Team Sulebakk. Dei er frå Frekhaug like utenfor Bergen.

I 2006 gav Team Sulebakk ut sin fyrste CD ” Rare ting”, sida har dei gitt ut fleire
CD´er og 2 DVD´er. Det er Barbro (mor) som lagar tekst og melodi til de fleste songane.

Heile familien er aktive i det kristne barne – og ungdomsarbeidet som drives på Frekhaug. (http://www.sulebakk.no/om-oss.html)

Festivalen er full og mange deltakare er klare for ei kjekk helg med mykje på programmet.

 

Program BGF 2016