Bli med som leiar på leir
Vi ønsker å ha høg kvalitet på leirane våre, og søker difor stadig etter leiarar som kan tenke seg å sette av tid til dei unge, framadstormande!
Framtida vår!!
Det er vi som er leiarar, saman med andre viktige rollemodellar i kvardagane, som kan få vere med å påverke dei unge til å ta store og små steg framover i livet. Vi er førebilete ved å VERE, og ved å VERE i nærleiken.
Så bli med oss – ver ein vaksen som er der. Ein som kan spele Yatzy og prate litt, snope litt i kiosken og fortelle gode historiar, spele fotball eller Fun Battle, gå ein tur eller padle litt i kano. Det er der er nokon der, kan bety alt – nokon som ønsker at dei unge også skal få tru på seg sjølv, få overbevisning om at dei er verdt meir enn heile verda.
Vi vil vere med dei nokre dagar i livet – blir du med ?? MELD DEG SOM LEIAR I DAG
Leiartrening
Vi ønsker å starte med leiartrening for ungdommar frå 8.klasse og oppover i skuleåret 2026/2027. Det er viktig for oss at leiarane som skal ta vare på barna på minileir og tweensleir er trygge i rolla si, og kan vere gode førebilete i ord og gjerning. Vi vil også ha fokus på fysisk sikkerheit og sunne grenser.
Har du lyst til å vere med som deltakar eller vaksen leiar på dette, ta kontakt med Ung-leiar Miriam Mulelid, på 90745694 eller miriam.mulelid@imf.no.
