I denne aldersgruppa har vi fleire typar leir:

WinterGames
Her har vi to alternativ: både 5.-7.klasse og 8.-10. klasse.
Leiren er på Orreneset Misjonssenter, og som namnet indikerar er dette ein leir stappfull av vinteraktivitetar! Laurdagen reiser vi i trekket på Fjellsætra. Her set vi sikkerheten høgt, med fleire leiarar på området, ein leiar er alltid tilstade i varmestova og alle deltakarane må ha på seg vest frå leirstaden.
Ellers har vi den store WinterGames-konkurransen på søndag formiddag. Her utnyttar vi det fantastiske uteområdet på leirplassen, men skiskyting, hopp, kubbekast med meir!
___________________________________________________________________________________________
Sommarleir

Dette er ein heilt ny leir av året 2026, som erstattar den tidlegare jenteleiren- og guteleiren. I år samlar vi tweens av begge kjønn på Brusdalsheimen for å feire at sommarferien er i gong! Det blir kjempegøy, trur vi!
Guteleir frå tidlegare år. Gøy med skikkeleg konkurranse!
___________________________________________________________________________________________
Orrenesleikane

Er du i 5.-7. klasse, er Orrenesleikane, eller OL noko for deg. OL er på hausten på Orreneset . Her er det OL-åpning med OL-ild, 5 kamp og finalar. Orreneset har ein flott uteområde tilbåde båtliv, fotballbane og ei vakker gamme som set ei fin ramme rundt kveldssamlingane. Bli med!
___________________________________________________________________________________________
Julegåveleir
Dette er ein ganske ny leir, og den blir holdt midt i november dei åra det er frivillige som ønsker å arrangere den gjennom ein komité. Til no har den vore populær, sjølv om den varer ei natt kortare enn dei andre leirane for tweens. Det som er spesielt med denne leiren, er at ein brukar ein del tid på å lage fine julegåver, t.d. gjennom sløyd eller andre handtverk.
___________________________________________________________________________________________
Frivillig baserte leirar
Er det leirar du saknar, eller du meiner vi burde arrangere meir av, kan du ta kontakt med miriam.mulelid@imf.no. Kanskje er det du som skal leie ein frivillig komité? Vi som er tilsette i Imf-ung Sunnmøre vil gjerne ha fleire Imf-leirar på leirstadane våre, men sidan vi har fleire oppgåver enn å arrangere leir, og ikkje er så mange tilsette, så kan vi ikkje både planlegge og vere til stades på alt vi skulle ønske!
Har du lyst og tid, må du gjerne ta initiativ minst eitt semester før du tenker det kan vere aktuelt å arrangere ein frivillig basert leir. Så vil vi legge til rette så godt vi kan, for at det skal vere mogeleg. Har du ei spesiell målgruppe, eller ein spesiell type leir du ønsker å arrangere – så kan vi også hjelpe med å lage materiell som er tilpassa dette. Kanskje vil du ha weekend for eldre ungdom/unge vaksne? Besteforelder-leir? Leir med følge? Familieleir? Fotoleir? Gamingleir? Det er mykje som er mogeleg for dei med kreativitet, tid, og vilje!
Ein frivillig komité vil ta ansvaret for:
- leirsjef og talar
- leiarteam, leiarmøte og oppgåvefordeling
- tilpassing av program innanfor gitte rammer
- romfordeling og gruppeinndeling
- aktivitetar og innhald på ulike programpostar
- innkjøp av utstyr etter avtale med Ung-leiar
- kommunikasjon med leirstaden i forkant av leiren
- ta bilde undervegs, innanfor rammene av GDPR
Ung-avdelinga kan hjelpe med:
- malar for program, oppgåvefordeling, romfordeling, etc
- å sette prisar og ta i mot påmelding gjennom Checkin
- rutiner for leirsjef og leiarar, leirreglement og beredskapsplan
- PR: lage materiell og distribuere gjennom trykking av plakatar og epost til målgruppa, samt promotering på nettside, i sosiale medier og evt på radio
- sende ut program og informasjon til påmeldte
- behandle bilder etter leiren
Datoane for leirane vi arrangerer, finn du her
