Besøk i Stordalen

image

Samlingsfest til Stordal Bedehus
Søndag 15. sept var leirkonsulenten i Ung Misjon, Rannveig Nybø, så heldig å få vere med på samlingsfest til Stordal Bedehus.

Med i møtet var også Stordal barnekor. Aletheia var også med, dette er ei gruppe av dei eldste i barnekoret. Desse song ein flott song med bevegelsar til.

Vi fekk også høyre jentegruppa Charis. Dette var 5 unge damer som sang fantastisk samstemt, både med piano og a capella. Vakkert!

Rannveig fekk halde ei andakt dei vi fekk helse på kvinna som opplevde det store underet at oljekrukka hennar ikkje vart tom! Ja, ingen ting er umogeleg for Gud som det står i Lukas 1, 37!

Mot slutten av møtet fekk vi servert gode kaker og kaffe (eller saft til oss barna).

Tusen takk til Stordal Indremisjon som inviterte meg på møtet, dei tok godt imot meg. Gjerne ver med og be for Stordal Bedehus og alt det flotte arbeidet dei driv der “inne i fjorden”.