Dette halvåret har Kristine Nygård Iversen hatt eit 100% vikariat i Ung Misjon, som ho avsluttar no 1.juli.
Arbeidsoppgåvene har vore mange, ho har m.a. vore med på å arrangere og deltatt på fleire leirer, besøkt lag og deltatt på møter, i tillegg til ein del administrasjons oppgåver.
Kristine, som er født og oppvaksen på Sula, har i fleire år vore engasjert i ungdomsarbeidet på Emblem, og likar særs godt å synge. Ho har opptrett på fleire møter i krinsen, saman med Sven Harald Nyvoll.
Ho skal til hausten vere miljøarbeidar på Nordhordland Folkehøgskule, på Frekhaug utanfor Bergen.
Ung Misjon vil takke for innsatsen Kristine har gjort i arbeidet for barn og ungdom på Sunnmøre, og vi ønskjer ho lykke til vidare.