Lev Livet

Foto av: Kjetil Fyllingen

Lev Livet-konferanse

20.-21. september var det Lev Livet-konferanse i Sandnes, nærare bestemt på Fredheim arena. Hovedtalaren var henta inn frå “over there”, amerikanaren Georg Barna. Mange andre flotte mennesker (og dukker) fekk vere med og bidra til ei fantastisk helg!

Trusformidling – menighet eller foreldre si oppgåve?
Tema var trusformidling i heimen. Vi fekk høyre om undersøkingar både i USA og i Norge som viser at heimen er viktig for barnas tru og når barna vert vaksne og skal ta valg rundt eigen tru. Menighetar/forsamlignar bør hjelpe foreldre i opplæring i den kristen tru, ikkje erstatte foreldra i denne viktige oppgåve.

Forsamlingskonferanse
Når Lev livet konferansen vart avslutta, fortsatte ImF sin forsamlingskonferanse på Fredheim Arena. Speed-learning, meir utfordrande undervisning av Georg Barna og gudstjeneste var noko av det som stod på programmet.

Input, sortere, output
Etter mykje spanande, utfordrande og oppløftande læring og opplevingar, gjeld det no å sortere alle desse inntrykka. Ønsket er at noko av dette skal kunne brukast vidare i arbeidet til Sunnmøre indremisjon, og føre til velsigning og vekst blandt foreiningar, barne- og ungdomslag og leirarbeidet vårt!