Pokalar og medaljer
No er pokalane og medaljane til Orrenesleikane på plass! Desse skal deles ut på avslutnigsmøtet søndag. Ein vinnar i 5-kampen i jentegruppa, og ein vinnar i 5-kampen i gutegruppa skal høgtidleg premieres under seremonien.
Elles ligg 10 flunkande nye medaljer og ventar. Desse skal utdeles til beste jente og beste gut i kvar idrettsgrein.
5-kamp og turnering
Alle deltakerane er med på 5-kampen. Dette er ein konkurranse der man får prøve seg i 5 forskjellige greiner: bogeskyting, bryting, løp, kubbekast og pilkast. Resultata frå desse øvingane vert lagt saman, og den store vinnaren vert kåra. Samtidig som dette er ei stort opplegg, er vi også opptatt av at alle skal ha det kjekt denne helga, både jenter, gutar, store, små, idrettsproffen og den forsiktige.
Fotball og kanopadling
Man kan også få prøve seg i fotballturnering eller padle kano. Den fantastisk naturen på Orreneset skal nytast til fulle, anten du spring på fotballbana eller fadlar på vatnet. Kanskje du skal bort og utforske holmen?
Forbøn
Gjerne ver med og be for leiren! OL-ilden vert tent fredags ettermiddag 20. sept og leiren avsluttes søndag ettermiddag 22. sept. Be for Victor Haram som skal vere taler denne helga, at Gud skal få tale gjennom Victor til både barn og vaksne. Be om Guds beskyttelese så ingen skadar seg. Be om at leiarane skal sjå alle deltakerane, så ingen føler seg utanfor!