Her er han!
Den nye barne- og ungdomsarbeidaren vår. Møt Eivind Lovund. Eivind skal vere vikar for Miriam som er ute i fødselspermisjon ut året. Han vil reise rundt og besøke barne- og ungdomslag på Sunnmøre og vere med på leir.
Glad i Jesus
Eivind bur i Langevågen. Han er 21 år, utadvent, og glad i Jesus. Har vore involvert i Ungdom i oppdrag og brenn for å sjå ungdommen i fyr og flamme for Jesus.
Andre interesser
Eivind spelar gitar, og er med i eit lovsangsband. Han likar å ta bilde, lage og redigere filmar. Dette er noko UngMisjon gler seg til å utfordre han på!
Kanskje de treffes?
Eivind vil reise mykje rundt og besøke barne- og ungdomslaga som er innmeldt i Ung Misjon. Han vil også vere med på ein del leirar. Kanskje de treffes?