Til Jesus gjekk barna

Til Jesus gjekk barna, dei trengde seg fram, for å sjå alt han gjorde for liten og stor. Og Jesus tok barna i fanget og sa:  “Ja, la barna få koma til meg!”

Reft::/: Den som kjem hit til meg, den som kjem hit til meg, han skal eg ikkje visa bort.:/:

 Til Jesus kom sjuke, dei bad han om hjelp. Og han gjorde dei friske og tilgav all synd. Dei blinde fekk synet, dei lamme fekk gå,  og dei døve fekk høyra hans ord.

Til Jesus kan alle få koma som vil, for han er jo den samme i går og i dag. Velkomen til Jesus, han tek deg i fang, for han elskar deg meir enn du veit.