Sommarfest for alle!

Sett av helga 11.-13. juni allereie no, for dette vil du ikkje gå glipp av!

Vi inviterer alle frå heile kretsen til ei helg med mykje moro, input og fellesskap på Ålesund Folkehøgskole. Vi tør love noko for alle generasjonar, så her kan du ta med storfamilien og bedehusfamilien.

På fredag kveld held vi årsmøte for Imf Sunnmøre, og her kan vi anbefale alle som er engasjert i arbeidet til Imf på lokalt eller kretsnivå å delta. Her stemmer vi inn nytt kretsstyre, samtaler om arbeidet og får nyaste oppdateringar frå alle greinene i arbeidet til kretsen.

Laurdag blir det blir seminar og nettverkssamlingar for dei vaksne, medan både barn og ungdom får delta på aktivitetar og eigne Bibelsamlingar. Lunsj og middag kan ein kjøpe på folkehøgskulen eller ein kan ha med seg niste og grille ute. Om kvelden kjører vi først fellesmøte for ungdom og vaksne, (med film for barna samtidig) og ein lovsongskonsert til slutt – før ungdommane kan få overnatte på folkehøgskulen.

Søndagen ønsker vi å samle alle til generasjonsmøte på formiddagen, før vi held eit stort misjonstivoli etterpå! Der skal barne- og ungdomsavdelinga vere kreative og finne på stasjonar for einkvar smak – og for dei som likar litt forutsigbarhet, så kan vi avsløre allereie no at Lars-Petter skal vere blink for svampkasting, og at Miriam dreg fram sukkerspinnmaskina. Så dette kan du altså ikkje gå glipp av!

Vi oppfordrar alle forsamlingar og lag til å sette av den helga til å vere i lag på tvers av bedehus og generasjonar.