Orrenesstemne 18. aug

2

Kom på Orrenesstemne
Søndag 18. august er det Orrenesstemne på Orreneset Misjonssenter midt i vakre Sunnmørsalpane.

Tale med John Hardang
Radiopastor i p7 Johnn Hardang vert talar på stemnet, og Gro Hofseide frå Ellingsøya vil synge for oss.

Opplegg for barna
Det blir møte kl. 12 og kl. 15 med opplegg for barna under talen. Mellom møta vert det sal av mat. Så ta med heile familien og kom til Orreneset! Har de god tid kan de også få nyte det flotte uteområdet til leik og moro!