Har du høyrt om Awana, eller vore med barn eller barnebarn dit? Lurar du på om forsamlinga di kunne hatt glede av ressursar frå Awana, eller vurderer du å bli med som leiar sjølv? Då er denne informasjonssamlinga for deg!
Brattvåg bedehus i samarbeid med Imf-ung Sunnmøre inviterer til infosamling den 26. januar, 2026. Det blir ope for alle, både frå nærmiljøet og frå lengre borte.
Ta gjerne med deg fleire frå forsamlinga di eller representantar frå styret, slik at de saman kan vurdere om dette er noko for dykk! Her kan de lære meir om kva Awana bygger på, korleis ei samling kan foregå, og kva som er viktige suksessfaktorar. De får høve til å stille spørsmål, sjekke ut materialet og ressursane, og få demonstrert Awana digital.
Kjem du frå ei forsamling som allereie driv Awana, og lurar på om du skal engasjere deg? Heilt topp! Kanskje du finn ut kva nettopp du kan bidra med, med dine unike talent? Ein ting er sikkert, og det er at du er viktig, og at du kan betyr mykje for barna rundt deg og deira vandring med Jesus. Blir du med i eit Awana-leiarteam, kan du få vere med og følge desse barna medan dei lærer å kjenne, elske og tjene Jesus.
På denne infosamlinga vil vi også legge til rette for at du skal kunne bli med i eit leiarteam, anten de ønsker å starte heilt frå begynnelsen, eller om du vil vere med i eit allereie eksisterande eitt. I fleire forsamlingar i kretsen er det behov for hjelpande hender og hjarte med rom for barna.
Er du allereie engasjert som leiar, men ønsker å kjenne på eit fellesskap med fleire som driv Awana? Då er også du hjarteleg velkommen. Du kan bidra med dine erfaringar og tankar i samtale med nye interesserte.
For spørsmål, ta kontakt med Miriam Mulelid: 90745694 eller miriam.mulelid@imf.no
Vel møtt på Brattvåg bedehus, 26.januar, frå kl. 19.00 – 21.00
