Vi i Imf-ung Sunnmøre ønsker å utruste ein ny generasjon med leiarar! Denne helga gir eit intensivt kurs i rolla og oppgåva det er å vere leiar for barn og ungdom på leir og i den lokale forsamlinga. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som ønsker å utforske eller gå inn i leiarrolla i framtida.
I løpet av kurset går vi gjennom tema som: å vere eit førebilete, grenser og sikkerheit, Tydeleg og Trygg, formidling, og kristen tru og medvandring. I tillegg vil vi bruke tid i lag på leik og moro, Bibel og bøn, lovsong og fellesskap, og på å ha dei gode samtalane. Alt med mål om at ungdommane skal få bli tryggare i eiga tru og i rolla som leiar.
Vi trur dette blir ei spesiell helg, og det er kun 17 deltakarplassar – så ver raske med å melde på!
Påmelding leir – ImF-UNG Sunnmøre
Ta kontakt ved behov for meir informasjon.




