Leiartrening – kurshelg for ungdom

4.-6. desember på Orreneset

Vi i Imf-ung Sunnmøre ønsker å utruste ein ny generasjon med leiarar! Denne helga gir eit intensivt kurs i rolla og oppgåva det er å vere leiar for barn og ungdom på leir og i den lokale forsamlinga. Målgruppa er ungdom mellom 13 og 18 år som ønsker å utforske eller gå inn i leiarrolla i framtida.

Kurset er denne gongen todelt, slik at nye leiarar kan ta grunnmodulen, medan dei som var med sist, kan bygge på. Fleire av undervisingsøktene vil også vere samla.

I løpet av grunnmodulen går vi gjennom tema som roller, grenser og sikkerheit, kristen tru, samarbeid, leirleiing og førstehjelp. I påbyggingsmodulen jobbar vi med tema som formidling, kommunikasjon og konflikt, gruppeleiing og personlegheitstypar – i tillegg til at vi repeterer førstehjelp og jobbar vidare med samarbeid.

Undervisingsøktene er tilrettelagt for ungdom, og er lagt opp til at deltakarane skal vere mest mogleg aktive sjølve. Det er ikkje lagt opp til reine forelesingar, men dialogbasert undervising med oppgåver undervegs. Nokre av øktene er praktiske tvers gjennom, og lagt opp som leik eller konkurransar. Dette meiner vi er viktig for at ungdommane skal få eigarskap til lærestoffet og at dei skal ha det kjekt undervegs!

I tillegg vil vi bruke tid i lag på leik og moro, bibel og bøn, lovsong og fellesskap. Alt med mål om at ungdommane skal få bli tryggare i eiga tru og i rolla som leiar.

Det var veldig kjekt sist vi hadde leiarkurs, og vi håpar på å sjå både “gamle” og nye deltakarar denne gongen!

Ta kontakt ved behov for meir informasjon.

Påmelding leir – ImF-UNG Sunnmøre