Konfirmant 2027?

No kan du melde deg på KonFu for skuleåret 2026-2027!

KonFu er eit konfirmasjonsopplegg der vi samlast på to leirar og fem laurdagar i løpet av året. Målet er at vi skal bli godt kjende med kvarandre og med Gud, og lære meir om kva det betyr å tru på han og følge han i kvardagen. På slutten av året vert du konfirmert i di lokale forsamling. (kyrkje eller bedehus)

Du kan følge både Den Norske Kirke sitt konfirmantopplegg og KonFu samtidig, eller du kan gå på kun KonFu. Sjølve konfirmasjonshandlinga avtalar du med di lokale forsamling, og dei kan ha ulike kriterier og rammer for konfirmasjonsåret, så ver tidleg ute med å undersøke og avtale dette. Du kan gå på KonFu sjølv om du ikkje er sikker på om du vil konfirmere deg til slutt – og du kan gå her om du ikkje er døypt endå – men dei fleste forsamlingar vil ha dåp som ein føresetnad for konfirmasjonshandlinga til slutt.

Det kostar 2500 for heile året, og det inkluderer leirane og pizza på laurdagssamlingane. Datoane for alle samlingane er bestemt, og dei finn du nedst her, på bilde av brosjyra.

For meir informasjon eller påmelding, kontakt Miriam Mulelid, på miriam.mulelid@imf.no. Frist for påmelding er 30.juni 2026.

KonFu vert arrangert av NLM Ung Region nordvest (hovedansvar), Imf-ung Sunnmøre, Bedehuskirka Emblem og Misjonssalen Ålesund. Leiarar for kommande år blir Ole Petter Stenberg, Miriam Mulelid, Mia Dale og Mathias Mulelid. Vi nyttar opplegget til Awana, “Smak og se”, og går gjennom mange varierte tema knytt til m.a. Gud som skapar og far, ondskapens problem, mann og kvinne, samliv og seksualitet, identitet og sjølvbilde, Jesus og rettferdiggjering, bønn, Bibelen, Den Heilage Ande og livet som kristen, misjon og mykje meir.