Vil du ha meir leir?
Er det leirar du saknar, eller du meiner vi burde arrangere meir av? Kanskje er det du som skal leie ein frivillig komité? Vi som er tilsette i Imf-ung Sunnmøre vil gjerne ha fleire Imf-leirar på leirstadane våre, men sidan vi har fleire oppgåver enn å arrangere leir, og ikkje er så mange tilsette, så kan vi ikkje både planlegge og vere til stades på alt vi skulle ønske!
Har du lyst og tid, må du gjerne ta initiativ minst eitt semester før du tenker det kan vere aktuelt å arrangere ein frivillig basert leir. Så vil vi legge til rette så godt vi kan for at det skal vere mogeleg. Har du ei spesiell målgruppe, eller ein spesiell type leir du ønsker å arrangere? Kanskje vil du ha weekend for eldre ungdom/unge vaksne? Besteforelder-leir? Leir med følge? Familieleir? Fotoleir? Gamingleir? Det er mykje som er mogeleg for dei med kreativitet, tid, og vilje!

Ein frivillig komité vil ta ansvaret for:
- leirsjef og talar
- leiarteam, leiarmøte og oppgåvefordeling
- tilpassing av program innanfor gitte rammer
- romfordeling og gruppeinndeling
- aktivitetar og innhald på ulike programpostar
- innkjøp av utstyr etter avtale med Ung-leiar
- kommunikasjon med leirstaden i forkant av leiren
- ta bilde undervegs, innanfor rammene av GDPR
Ung-avdelinga kan hjelpe med:
- malar for program, oppgåvefordeling, romfordeling, etc
- å sette prisar og ta i mot påmelding gjennom Checkin
- rutiner for leirsjef og leiarar, leirreglement og beredskapsplan
- PR: lage materiell og distribuere gjennom trykking av plakatar og epost til målgruppa, samt promotering på nettside, i sosiale medier og evt på radio
- sende ut program og informasjon til påmeldte
- behandle bilder etter leiren
Høyrest dette interessant ut, oppmodar vi deg om å ta kontakt med Ung-leiar, Miriam, for meir informasjon.
90745694 / miriam.mulelid@imf.no
