Eivind Landro ny leiar Ung Misjon!

Klar for å gå inn i jobben som Leder for Ung Misjon

Vi kan no kome med ei rykande fersk nyheit, Eivind Landro har takka ja til kallet til å bli leiar i Ung Misjon.

Vi er glade og takksame for at dette no har gått i orden. Eivind er snart 26 år gamal og fødd og oppvaksen på Helgøy i Ryfylke.

Han er gift med Lene f. Vernes og dei er busett i Langevåg. Han er utdanna styrmann og tek no administrativ utdanning innan Shipping og Økonomi.

Eivind har gått bibelskule på Fjellhaug, på ei linje som heiter Bibel, Team og Teneste. Han har vore eittåring i NLM, Sunnmøre og Romsdal krins og er slik godt kjent med misjonsarbeid.

Sjølv om han kjenner Misjonssambandet sitt arbeid best gler han seg no til å bli kjent med Sunnmøre Indremisjon og arbeide for å styrke vårt barne- og ungdomsarbeid. Han vil starte si teneste i august og skal arbeide i 80 % stilling.

Vi er trygg på at indremisjonsvenene på Sunnmøre vil ta godt imot Eivind og familien hans og ber om at de tek dei med i dykkar bøner til Herren!