Dette er for deg som er interessert i å gå djupare inn i Guds ord. To kveldar i haust prøver vi oss på eit nytt konsept, nemleg Bibelkurs for ungdom og unge vaksne. Tematikk og formidling vert målretta til aldersgruppa 16-30, men det er sjølvsagt lov til å komme dersom ein er yngre eller eldre også!
Kvelden delast inn i tre bolkar, med bibeltime først, så litt snacks, sosialt og eventuelt noko moro, før ein held fram med endå ein Bibeltime. Det er heilt gratis å delta!
I oktober vert bibelkurset halde på Emblem bedehus, laurdag den 24., frå 19-22. Då er det Thomas Mulelid som talar ut frå boka om Jona, i gamletestamentet.
I november vert bibelkurset halde på Vigra bedehus, laurdag 28., også frå 19-22. Då er det Mathias Mulelid og Mia Dale som talar ut frå boka om Rut.
Kva kan vi lære om desse kanskje litt meir ukjende tekstane, og korleis er dei relevante for unge i 2026? Dette blir spennande, så ta med deg vennegjengen og kom!


