BarneGospelFestivalen 2014

Barnegospelfestival 065BarneGospelFestivalen vert arrangert kvart år av Ung Misjon. På denne festivalen vert barnekor på Sunnmøre invitert til å vere med, og vi har med ein instruktør som lærer oss nye songar, og inspirerer leiarane til å stå på vidare med å fortelje barna om Guds rike gjennom song og musikk.

BarneGospelFestivalen 2014 var 25.-26.januar og med oss hadde vi Tore Thomassen! Tore er nok kjent for dei fleste som både artist, songforfatter og bokforfatter. Tore sine songar er bl.a. med på fleire søndagsskuleCD’ar.

På BGF var barn frå 6 kor med – Vigra YA-kor, Godøy barnekor, Tusenfryd frå Emblem, Spiren frå Blindheim, Sing It 2 U frå Ellingsøya og Stordalen barnekor.

Helga gjekk med til korøving, mat, leik og meir korøving. Laurdagskvelden var tida for store leirfesten, der barna bidrog med underhaldning av ymse slag og latteren satt laust.

Mens barna kosa seg på leirfest var leiarane samla til inspirasjonssamling. Tore Thomassen var med og saman delte vi erfaring, fekk snakka om utfordringar og vart inspirert til å stå på vidare i dette viktige arbeidet som samlar mange hundre barn om Guds ord kvar veke! Årets høgdepunkt, årets viktigaste helg for påfyll og avgjerande for motivasjon til å fortsetje er nokre av dei tilbakemeldingane vi høyrer.

Med glimt i auge, ein imponerande gitarspel og nokre små sprell, lærte Tore oss mange nye songar om bl.a. Moses, Jona og den lamme mannen. Tore er både røff og ein god «bestefar» på same tid. Han viste ungane interesse anten det var korøving eller måltid. Han er dyktig! Tore Thomassen sjarmerte alle frå 7-70 år!

Tusen takk for ei super helg!

Barnegospelfestival 008

 Barnegospelfestival 060