BarneGospelFestivalen 2013!!!

 

barnekor

 

60 spente born ventar i desse dagar på at tre jenter frå SEVEN og instruktøren deira skal reise frå Oslo for å møte dei på Brusdalsheimen i helga.

På laurdag og søndag er det nemlig duka for barnegospelfestival, ein årleg happening som dreg til seg mange songglade born frå heile Sunnmøre. Dette er hovudsakleg ei øvingshelg der vi dannar eit stort felleskor av alle dei påmeldte kora, og på søndagen får vi vise kva vi har lært på eit ekstraordinært familiemøte. Dette blir i år på Blindheim bedehus 20. jan. kl 15, er gratis og ope for alle! Det blir teke opp kollekt.