Minileir 2.-4. klasse
Minileir er for dei som går i 2.-4. klasse. Her overnatter man ei natt på Brusdalsheimen, noko som er svært spanande for borna! Programmet på minileir består av samlingar med andakt og song, leirkor, hobby, sporløp og leirfest.
WinterGames 5.-7. klasse
For deg i 5.7. klasse. Leiren er på Orreneset Misjonssenter, og som namnet indikerar er dette ein leir stappfull av vinteraktivitetar! Laurdagen reiser vi i trekket på Fjellsætra. Her set vi sikkerheten høgt, med fleire leiarar på området, ein leiar er alltid tilstade i varmestova og alle deltakerane må ha på ein vest (Orreneset disponerar vestar).
Elles har vi den store WinterGames-konkurransen på søndag formiddag. Her utnyttar vi det fantastiske uteområde på leirplassen, men skiskyting, hopp, kubbekast med meir!
Orrenesleikane 5.-7. klasse

Et fint liv på leir!
Er du i 5.-7. klasse, er Orrenesleikane, eller OL noko for deg. OL er på hausten på Orreneset . Her er det OL-åpning med OL-ild, 5 kamp og finalar. Orreneset har ein flott uteområde tilbåde båtliv, fotballbane og ei vakker gamme som set ei fin ramme rundt kveldssamlingane. Bli med!
TweensLeir 5.-7. klasse
TweensLeir er for deg i 5.-7. klasse og arrangeres på Brusdalsheimen. Den arrangeres en gang på høsten og en gang på våren. Vårleiren arrangeres helga før palmehelga. Og på denne leiren er temaet høgtida som kjem, nemlig påsken. her får vi høre, synge om, smake og lage påskebudskapet. Ein utrulig fin leir å vere med på! Høstleiren arrangeres ein helg om høsten, og når hausten kjem, med mørkare kveldar og nydelege fargar er Brusdalhsheimen ein god plass å vere. Denne helga kan du få lære mykje nytt frå Bibelen gjennom samlingar, workshops og forskjellige konkurransar. Leirparty står også sjølvsagt på programmet, og med nokre turar i kiosken og fyr i peisen i peisestua, legg alt til rette for ein skikkelig «go’helg»..
Jenteleir 4.-7. klasse

God stemning!
Dette er en leir for jenter som skal begynne i 4. klasse og helt opp til deg som begynner i 8. klasse. Jenter, gled dykk! Dette er årets koseligaste leir! Dette er ei langhelg om sommaren på Brusdalsheimen full av venner, hobby, samlingar og konkurransar! På programmet finn vi andakt og song, kreativt verkstad, fotball, vannvolleyball, lovsangsdans, drama… Med få ord: Det meste!
Guteleir 5.-8. klasse
Midt i blinken!
Dette må vere ein av Sunnmøre Indremisjons sine «lengste» tradisjonar. Denne langhelga om sommaren pleier Brusdalsheimen å vere «fylt til randen» av gutar i 5.-8. klasse.
Programmet er bibelsamlingar, Olympiaden med 5-kamp i bordtennis, bogeskyting, kubbekast, pilkast og løp, lagtevlingar i volley-, fotball og sporløp, båtliv og BMX-sykling!!
Årets tøffaste leir, utan tvil!
SkiWeekend 8.-10. klasse
Dette er leiren for deg i 8.-10. klasse. Vi er på Orreneset Misjonssenter, vi blir bedre kjent med Bibelen og med nye vennar! På SkiWeekend står vi i trekket, og nyter vinteren. Det blir ulike aktiviteter på Orreneset som for eksempel biljardbord, bordtennis, bønnevandring, bibelmix, konkurransar. I tillegg får vi kakao og kjempe god mat. Dette blir kjempegøy!
NightGames 8.-10. klasse
Dette er leiren for deg i 8.-10. klasse. Vi er på Orreneset Misjonssenter, vi blir bedre kjent med Bibelen og med nye vennar! På NightGames nyter vi høsten og alt det den har å by på, vi utnytter mørket til å leke capture the flag, i tillegg spiller vi «funbattle» som er kjempe gøy! Det blir ulike aktiviteter på Orreneset som for eksempel biljardbord, bordtennis, bønnevandring, bibelmix, konkurransar. I tillegg får vi kakao og kjempe god mat. Dette blir kjempegøy!
Familieleir
Familieleirane til Sunnmøre Indremisjon er på Orreneset Misjonssenter. Man bur på flotte hytter, med 4 senger på kvart rom, toalett og dusj. Å tilbringe nokre dagar med familien, venar og samtidig få god tid til å høyre frå Guds ord og bruke tid i bøn, det er absolutt å anbefale!
Det er en familieleir i løpet av eit år og den arrangeres i palmehelga. Det vert ikkje familieleir i 2017.