Toppmeny

Leiarar

Bli med som leiar på leir

Vi ønsker å ha høg kvalitet på leirane våre, og søker difor stadig etter leiarar som kan tenke seg å sette av tid til dei unge, framadstormande!

Framtida vår!!

Det er vi leiarar, saman med andre viktige rollemodellar i kvardagane, som kan få vere med å påverke dei unge til å ta store og små steg framover i livet.
Vi er førebilete ved å VERE… og ved å VERE i nærleiken…

Så bli med oss – ver ein vaksen som er der. Ein som kan spele yatsy og prate litt, snope litt i kiosken og fortelle gode historiar, spele fotball eller funbattle, gå ein tur eller padle litt i kano. Det er det at det er nokon der – nokon som ønsker at dei unge også skal få tru på seg sjølv, få overbevisning om at dei er verdt meir enn heile verda – berre fordi dei er til…

Vi vil vere med dei nokre dagar i livet – blir du med ?? MELD DEG SOM LEIAR I DAG

 

Powered by WordPress. Designed by WooThemes