Toppmeny

Arrangement

Pit Stop

Kvar haust arrangerer ImF-Ung Sunnmøre Pit Stop – ei heil helg med møter, konsertar, seminar og  lovsang med mål å utruste ungdommar på Sunnmøre.

Talarar har undervisning innan eit gitt tema, som har som mål å utruste og bevisstgjere lytterane. På programmet ellers kan du finne god lovsang, gospelnight, mulighet for å gå til forbøn, quiz, og sal av god mat.

Barnegospelfestival. 

Barne Gospel Festival 081

Arrangeres i januar kvart år. Her inviteres barnekor på Sunnmøre til ei inspirasjonshelg.

Ein instruktør som er kjend innan sjangeren barne-/korsong er gjerne med denne helga og lærar bort eigne songar, og har inspirasjonssamlingar for dei vaksne.

Barnas Dag

Under årsmøtet til Sunnmøre Indremisjon, kan barna til utsendingane vere med på Barnas Dag!

Her har vi samlinga med andakt og song, hobby, aktivitetar og leik. Programmet varierer frå år til år, det kan innehalde kanotur, hoppeslott, danseseminar, e.a.

 

Powered by WordPress. Designed by WooThemes